Flygelkonsert med Duo "B!z'art"

Duo B!z’art. Pressebilete.
Duo B!z’art. Pressebilete.
Onsdag, 2 november, 2016 klokka 18:30

Fire hender på eit flygel! Eitt år etter deira forrige konsert i Ørsta kulturhus kjem duo b!z'art, ein virtuos belgisk duo, tilbake til Ørsta med eit heilt nytt program.

Dei inviterar deg til å oppdage nokre av dei største mesterverka innan firhendig pianomusikk. Duoen vil gi deg rytmane og fargane frå Ungarn med alle dei "21 Hungarian Dances" av Johannes Brahms. Du vil heilt sikkert kjenne att dei mest berømte av dei. Du skal også få oppdage den veldig lette og elegante "Andante and Allegro op.92 av Felix Mendelssohn, der pianistane vil konkurrere om kven som er mest virtuos! 

 

Duoen vil runde av konserten med den romantiske og kraftfulle "Suite op.11" av Sergueï Rachmaninov, der pianoet vil leie deg frå ein mjuk Barcarolle til ein imponerande Russian ring of bells. Eit unikt høve til å få oppleve flott flygelmusikk spelt på vårt gode flygel!


Duo B!z'art består av pianistane André Roe and Geoffrey Baptiste, som har spelt ilag sidan 2004.

Bizarre tyder noko som er uvanleg, og desse to musikarane ynskjer at du skal få oppdage deira del av kunstnarverda. Når dei spelar med fire hender, brukar dei 20 fingrar og 2 musikarar til å dele dei 88 tangentane på flygelet. Dette gir eit spesielt show, der hendene er inn-filtra i kvarandre over tangentane på ein virtuos måte. 

Repertoaret duoen leverar er unikt. Nokre gongar kan instrumentet vere intimt, som salongmusikk. Andre gongar vert det symfonisk og etterliknar eit orkester.

Kjærleik til musikken er deira fokus, og dei opptrer jamnleg med konsertar rundt i Europa og gler seg no til å få spele for publikummet på Sunnmøre igjen!

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: