Folkestyre 2014

Illustrasjon: Riksteatret.
Illustrasjon: Riksteatret.
Søndag, 16 mars, 2014 klokka 19:00

FOLKESTYRE 2014 av Hilde Brinchmann og Henriette Vedel.

Frå det norske folk til det norske folk.

Kva ville du svart på dette spørsmålet:
Har du tru på det norske folkestyret?
Kva ville du snakka om viss du skulle halde ei tale på Stortinget?
Når følte du deg samfunnsengasjert sist?
Har du påverknadskraft?

I høve Grunnlovsjubileet har regissør Hilde Brinchmann og dramaturg Henriette Vedel reist landet rundt og samla inn folks tankar og meiningar om demokratiet i Noreg i dag. Dei har stilt dei same spørsmåla til mange og fått ei mengd ulike svar.

Svara får du i Folkestyre 2014, ei teaterframsyning frå det norske folk til det norske folk, der skodespelarar presenterer autentiske historier om folk si tru på eigne moglegheiter til å forandre. Kva er det som gjer at nokon ser på seg sjølve som samfunnsengasjerte, mens andre tenker at det ikkje nyttar?


Vil du bli ein del av framsyninga? Ta eit bilde av deg sjølv når du er samfunnsengasjert, og legg det ut på Instagram med #folkestyre2014, eller ver med på å lage musikken til framsyninga gjennom YouTube-kanalen til Folkestyre 2014. På kvar spelestad vil skodespelarane intervjue ein tilfeldig vald person på gata og la svaret bli ein del av framsyninga same kvelden. Les meir på www.riksteatret.no.

Speletid ca. 2 timar (inkl. pause).



Urpremiere i Oslo, Nydalen 27. februar 2014

Turnépremiere i Ullensaker 5. mars 2014

Med Ingrid Meling Enoksen, Stein Grønli, Sindre-Benedict Hendrichs, Veslemøy Mørkrid, Biniam Yhidego og Marit Østbye.

Av Hilde Brinchmann og Henriette Vedel. Regissør og scenograf Hilde Brinchmann. Dramaturg Henriette Vedel. Koreograf Kristin Ryg Helgebostad. Komponist og lyddesignar Johann Prell. Lysdesignar Norunn Standal. Kostymekonsulent Mette Gøransson. Kunstnariske rådgivarar Kai Johnsen og Ragnhild Mærlie. Produsert i samarbeid med Dramatikkens hus.


Opplev meir:
I samarbeid med Grunnlovsjubileet 2014 inviterer Riksteatret til kåseri ved m.a. forfattar Karsten Alnæs, som er aktuell med 1814 – Miraklenes år. Stad: I foajeen 45 minuttar før framsyninga startar.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: