Follestaddal hornmusikk med band og solistar

Follestaddal Hornmusikk. Fotokjelde: Ørsta kulturhus.
Follestaddal Hornmusikk. Fotokjelde: Ørsta kulturhus.
Søndag, 13 mars, 2016 klokka 17:00

Follestaddal hornmusikk med band og profesjonelle solistar. Set av denne datoen til ei musikalsk oppleving av dei sjeldne. Her vert det framført mange fengande svisker av korps og band med solistar. Repertoaret er vidfemnande og arrangøren lovar også at publikum får høyre nokre fine marsjar.

Litt om solistane våre:

Aleks Grey og Hege Nesset er gjestesolistar.

Aleksander Raftevold frå Nordfjordeid er hardtarbeidande og er for tida spelelista i over 20 land rundt om i verda. I november gir han ut sin første EP. Raftevold går for tida på Paul McCartney sin talentskule LIPA, der han og bandet mellom anna har fått spelt musikken sin live i BBC. Raftevold er tydeleg inspirert av band som Coldplay og lagar mektig, internasjonal og melodiøs popmusikk. Han har også turnert fleire gonger med bandet sitt heime i Sogn og Fjordane.

Hege går 2. året musikk på LIPA.

Ho jobbar mykje med andre artistar, i tillegg til å skrive musikk for seg sjølv og andre. Ho er bla. med å syng på Aleks si komande plate 'SOULS' som kjem ut i november.

Du finn meir info. På nettet om du søkjer på namna deira. Der kan du også høyre på lydfiler av desse to lovande artistane.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: