Foredrag med Arne Nydal og Rønnhaug Ytreli - Seniorkveld på klubbhuset.

Illustrasjon: Arne Nydal
Onsdag, 29 april, 2015 klokka 17:00

Løypestrenger og taubaner i Norddal og Hørsel og bruk av høyreapparat

Arne Nydal fortel om:
Løypestrengane og taubanene var ofte eit fellesgode og vart ofte bygde på dugnad. Løypestrengane hadde historiskt sett ei relativ kort brukstid, berre 50 - 70 år, men dei var særs viktige for dei som nytta dei. Både høy og ved kom susande ned løypestrengane. Taubana kunne og frakte både mjølk, mat og andre varer. Både løypestrengar og taubaner var viktige for sambandet mellom fjordgardane, sætrane, og bygda nede i dalen. Boksal under Seniorkvelden.

Autorisert audiograf Rønnaug Ytrelid fortel om:
Rønnhaug Ytrelid driv Hørsel1 på Skodje. Kontora ligg i same bygget som sparebanken Møre. Rønnhaug vil fortelje om typer og årsaker til hørselstap. I dei aller fleste tilfella kan audiografen forklare hørselstapet sin natur og kva som har forårsaka det. Hørselstap kan anten vere mekanisk eller nevrogent, eller begge deler. Kvart hørselstap er ulikt og har ulike krav til forsterkning.
Alle Seniorkveldane våre er opne for alle interesserte. Bill. kr. 60,-. Mat og kaffe - loddsal - allsong - Musikk: Kåre Myren.

Stad
Klubbhuset Skodje IL
Kommune: