Foredrag med Berit Nordstrand

Berit Nordstrand. Pressebilde.
Berit Nordstrand. Pressebilde.
Torsdag, 5 mars, 2015 klokka 17:30

Foredraget har tittelen "En ny start på resten av ditt liv - små grep, stor effekt".  Har du lyst til å høyre på eit særs inspirerande foredrag om korleis du enkelt kan lage rein og naturlig mat som gir deg meir nytelse, meir overskot og betre fysisk og psykisk helse - utan å bruke mykje tid på matlaging? 

Berit Nordstrand er overlege, kognitiv terapeut, kostholdsekspert og mor til seks barn i alderen 7 til 23 år. Hennar bodskap er at små, enkle kostholdsgrep kan gi deg ein meir lystbetont kvardag og betre livskvalitet. Berit er kjent for sitt smittsame engasjement og vinnande vesen. Ho formidlar aktuell forskning innanfor mat og helse på ein måte dei fleste kan relatere seg til og ynskjer med dette å motivere til smartare matval i kvardagen. 

Gi deg sjølv ein ny start og bli den beste utgåva av deg sjølv for resten av ditt liv. 

Berit er aktuell med bestselgarane
- "12 uker til en smalere midje"
- Barneboka "Sukkerkok i hodet"
- "En ny start" - ein 12 vekers plan for å endre ditt kosthald og kome i form.

Les meir om Berit på www.beritnordstrand.no og fyl ho på Facebook

Stad
Rauma kulturhus
Kongens Gate 7
6300
Åndalsnes
Kommune: