Fortrolige samtaler

Liv Ullmann. Foto: Riksteatret og Nationaltheatret.
Liv Ullmann. Foto: Riksteatret og Nationaltheatret.
Foto: Riksteatret og Nationaltheatret.
Foto: Riksteatret og Nationaltheatret.
Torsdag, 29 september, 2016 klokka 19:00

FORTROLIGE SAMTALER av Ingmar Bergman i ein versjon for scenen av Liv Ullmann

Kva gjer vi med dei djupaste hemmelegheitene våre? Kva gjer dei med oss?

Liv Ullmann er tilbake i Noreg, no som regissør for teaterversjonen av Ingmar Bergmans Enskilda samtal – eit stoff ho allereie har filmatisert med stor internasjonal suksess. 

Det handlar om Anna, som på meir enn éin måte må betale prisen for sanninga. Dette er ei historie Bergman meinte berre Liv Ullmann kunne fortelje – ei historie om kjærleik, truskap, fridom og livsmot. Om alt det som utløyser så stor glede og så djup fortviling i liva våre.

Dramaet er basert på livshistoria til Ingmar Bergmans mor, og med utgangspunkt i moras hemmelege dagbok og Bergmans eigne dagbøker har Liv Ullmann skapt eit nytt manus for scenen. – Det er ei forteljing om ei kvinnes hemmelegheiter. Men mest av alt handlar det om kven hemmelegheitene gjer oss til, seier Liv Ullmann.

Fortrolige samtaler er scenekunst på livet laus, og ingen skal gå urørt frå dette møtet med regissøren og manusforfattaren Liv Ullmann og det handplukka skodespelarensemblet hennar.

Med Marte Engebrigtsen, Anneke von der Lippe, Mattis Herman Nyquist, Liv Bernhoft Osa, Hermann Sabado, Kari Simonsen og Bjørn Skagestad.

 

Regissør Liv Ullmann. Regiassistent Einar Bjørge. Scenograf Milja Salovaara.

Kostymedesignar Ingrid Nylander. Lysdesignar Nick Schlieper. Lyddesignar Nils Wingerei. Dramaturg Tine Thomassen.

 

Urpremiere på Nationaltheatret 9. januar 2016.

Turnépremiere i Bodø 17. februar 2016. På turné til heile landet i 2016. 

Ein samproduksjon mellom Riksteatret og Nationaltheatret. Oppsettinga vert spelt både i Oslo og på turné, og er invitert til Bergman-festivalen på Dramaten i Stockholm.                 

Varigheit: ca 2 timer 20 minutter

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: