Frå ABBA til Blues Brothers

Laurdag, 24 november, 2012 klokka 18:30:00

«Frå ABBA til Blues Brothers» - Janitsjaren med storsatsing igjen.

Med suksessen «Blues Brothers og The Commitments» i fjor haust friskt i minnet, satsar Herøy Janitsjar på ny storkonsert i haust.
Laurdag 24. november brakar det laust på nytt. På Kulturhuset skal Herøy Janitsjar saman med band, solistar og koring presentere musikken frå 4 store prosjekt som korpset har gjort. Dei har plukka ut dei beste låtane frå ABBA, The Commitments, Jesus Christ Superstar og The Blues Brothers. 21 låtar skal framførast og vi vil få mellom anna får høyre Fernando, Knowing me - knowing you, Waterloo, Thank you for the music, In the midnight hour, Herodes sang, La oss starte om att, Jailhouse Rock, Mustang Sally og mange fleire. Solistane som skal framføre låtane er, Trygve Sætre, Heidi K. Frøystad, Olgunn Torvanger Lied, Wenche Voldsund, Sølvi Nerem Berg, Harald Skarbø, Brigitta Hauge, Børge Hauge og Øyvind Granden Berg som også er dirigent og musikalsk ansvarleg. Solistane er også med og gjer koring.

Bandet som er med i prosjektet, består av Nasko Nikolajev (keybord), Dan Åsebø (gitar), Frode Sollid (el-bass), Glenn Huldal (slagverk). Alle svært habile musikarar som har vore med på alle prosjekta som korpset har gjort siste åra.

Som tidlegare oppsetningar vert det også denne gongen full lyd- og lyssetting, noko som vil forsterke opplevinga mykje.

Alle fire prosjekta som er nemnte over, har vore suksessforestillingar med fulle hus, så Herøy Janitsjar håper publikum også denne gongen ser mulegheita til endå ei oppleving med topp musikk, dyktige lokale musikarar, og solistar som gong etter gong viser at dei er mellom dei beste vi har.

Janitsjaren satsar på ei forestilling kl 1830, så det er berre i hive seg rundt og sikre seg billett, enten hos N.H. Lied eller på www.heroy.kulturhus.no.

Dette er såpass tidleg på kvelden at folk kan ha mulegheita til å kombinere konserten med ein tur ut og ete etterpå.

Gle dokke til endå ei suksess-forestilling.

Stad
Festsal 420
Adresse
6090
FOSNAVÅG
Kommune: 
Tema: