Fra null til tull

Skorgen, Bakke og Omenås. Fotokjelde: Høstscena 2014
Skorgen, Bakke og Omenås. Fotokjelde: Høstscena 2014
Fredag, 26 september, 2014 klokka 17:00

Kan du telle til null eller knaskre ein kvit krusedull? Kan vi telle til null, kan vi leike at alvor er tull? 

Her blir det kjekt med musikk, kjekt med ord og improvisasjon saman med Inger, Stian og Audun. Dei leikar med tekst, tonar og dans til dikt av Marit Kaldhol. Det blir livleg, latterleg og lystig - det kan vi love.

Framsyninga frå Rikskonsertane har turnert i fleire år, men aktørane er lokalt forankra på Sunnmøre. Ein still uvanlege spørsmål om tal og tull. Spørmål som gjev nye spørsmål. Noko er planlagt og noko skjer der og då, her og no, mens dei held på. I felta mellom disiplin og impuls, mellom det store og det lille, mellom univers og sandkorn, mellom null og tull smeltar kunstartane, livet og leiken saman til eit uttrykk som inviterar deg til å gruble og groove vidare.

Marit Kaldhol står for ei rekje utgjevingar av poesi, noveller og romanar - like mykje for barn og ungdom som for vaksne. Marit og jazzmusikarane Stian Omenås og Audun Skorgen høyrer vi og på Poesiscena. Begge musikarane har utdanninga si fra jazzlinja på NTNU i Trondheim og har fleire samarbeidsprosjekt med scenekunstnaren Inger Bakke bak seg. Ho har mykje å by på festivalen sin kunstnerlege leiar - her går det i sang og jazza musikkleik for alle som vil høyre på og groove saman med dei.

Medvirkende:
Skuespill, sang: Inger Bakke
Trompet, perkusjon: Stian Omenås

Tapping-gitar: Audun Skorgen
Poesi: Marit Kaldhol

Musikals veileder: Eldbj
ørg Raknes
Kostyme: Solveig Fagermo

Stad
Avholdshjemmet
Kommune: 
Tema: