Frank Arebrot - Trump og den nye nasjonalismen

Frank Aarebrot. Pressebilete. Fotokjelde: ID-huset.
Frank Aarebrot. Pressebilete. Fotokjelde: ID-huset.
Tysdag, 14 februar, 2017 klokka 19:00

Trump kjem ikkje, men det gjer Frank Aarebrot! Kva kjenneteiknar den politiske situasjonen i Europa og USA i dag, og korleis fungerar Trump i rolla som president i verdas mektigaste stat? Ei unik anledning til å høyre på ein av dei dyktigaste formidlarane landet har.

Frank Aarebrot blir skildra som ”noko so sjeldant som ein universitetslærar med a-kjendisstatus” og er særlig kjend for sine legendariske foredrag i forbindelse med grunnlovsjubileet Norgeshistoria på 200 minutt og Andre verdenskrig på 200 minutt.

Dagens formidling vil innehalde refleksjonar rundt internasjonal samhandling i eit politisk klima, både i Europa og USA, der nasjonalismen har fått større merksemd og oppslutning. Ein veit aldri heilt med Aarebrot, men at det blir interessant, lærerikt, ærlig og med snert, det er vi sikker på. Benytt denne skjeldne anledninga til å høyre ein av Noregs aller beste formidlarar.

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: