Frid & Glede

Einfrid Grindheim og Ingfrid Grimstad. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus
Einfrid Grindheim og Ingfrid Grimstad. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus
Torsdag, 6 juni, 2013 klokka 21:00

Ekstrakonsert: Musikalsk lapskaus med Frid & Glede & gjestar

Duoen Frid & Glede hoppar i det på nytt og set opp ei ekstraframsyning av den musikalske lapskausen som dei serverte fredag 26. april. Det vart stappfullt på Loftet på den Gamle Nabo i Ulsteinvik denne kvelden og oppfordringane om å varme oppatt lapskausen på nytt var mange. Det vert dermed ekstraframsyning torsdag 6. juni under Smak av Ulstein.

I Frid & Glede finn vi musikarveninnene Einfrid Grindheim og Ingfrid Grimstad, og dei feirar snart 6-årsjubileum som duo. Med seg har dei lokale gjestar som skal krydre kvelden med ulike innslag. I den musikalske lapskausgryta puttar dei kortreist og langreist musikk, blandar med litt heimedyrka tekstar og melodiar og krydrar med litt Ann Cecilie, litt Roy, litt Aase og litt Margit Lovise. Ta sjansen på å oppleve ein kveld fyllt av Frid & Glede. Du kan sjølvsagt også unne deg eit betre måltid i restauranten før du løyser billett til musikalsk lapskaus på loftet.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement). Husk å printe billetten din før arrangementet!

Restbillettar vert solgt i døra.

Billettpris kr 150,-

Billettsal frå torsdag 16. mai kl 09.00.

Stad
Den Gamle Nabo
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: