FRIKAR Leahkit

Frikar - Leahkit. Fotokilde: Høstscena 2016.
Frikar - Leahkit. Fotokilde: Høstscena 2016.
Laurdag, 1 oktober, 2016 klokka 18:00

Leahkit er nordsamisk for ”å vera til stades”, ein fysisk, mental og spirituell tilstand som har havna på gourmetdisken i ei tid der multi-tasking blir forventa dagleg. 

«Leahkit» er eit fasinerande og engasjerande møte mellom leiaren av FRIKAR, Hallgrim Hansegård, og den samiske musikaren og joikaren Torgeir Vassvik.

Leahkit er nordsamisk for ”å vera til stades”, ein fysisk, mental og spirituell tilstand som har havna på gourmetdisken i ei tid der multi-tasking blir forventa dagleg. 

Hansegård og Vassvik har dykka ned i sine respektive tradisjonar for transe i dans og musikk, som er stilna av fornorsking og kristning gjennom tidene. «Leahkit» er eit sjeldent møte mellom norsk folkedans og joik. Verket utforskar ei reise mellom ulike måtar å vera til stades på. 

Hallgrim Hansegård etablerte FRIKAR i 2006 for å skapa samtidskunst basert på eldgammal kunnskap. Verka hans er spelte i 30 land og utallige tv-kanalar, og i 2013 fekk han sølvprisen under Prix Italia. Han har lært av dei gamle meistarane, pusta støvet av sjeldne skrifter og søker alltid etter ny kunnskap om mennesket og nye samarbeidsformer. 

Torgeir Vassvik er ein av våre mest markante joikarar. Han representerer ein lang kontinuitet i formidlinga av den kystsamiske musikken og fornyar denne med ein lukkeleg kombinasjon av austlege og vestlege element. 

   •    en spennende opplevelse, en flott kombinasjon av kunstformer som undertegnede aldri har sett før.

   •    I «Lehakit» kombinerer han (Hallgrim Hansegård red. anm.) det arkaiske med det moderne på en kreativ og grensesprengende måte, og viser seg som et sant geni i sin kunst.

Westdeutscher Rundfunk

   •     one of NordDance’s (festival i Edinburgh red. anm.) more challenging, yet memorable, works

The Scotsman

https://www.youtube.com/watch?v=wbuOdoan22M

Stad
Parken Kulturhus
Kommune: