Frode Alnes møter Grieg

Frode Alnes. Pressefoto. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Frode Alnes. Pressefoto. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Kaunas City Symphony Orchestra. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Kaunas City Symphony Orchestra. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Joaquin Achucarro. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Joaquin Achucarro. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Laurdag, 13 august, 2016 klokka 20:30

Frode Alnæs og den verdskjende pianisten Joaquin Achucarro i samspel med Kaunas City Symphony Orchestra under leiing av Rune Bergmann.

Denne konserten er eit samarbeid mellom Fosnavåg konserthus og Fjord Cadenza som er ein årleg festival med utspring i Skodje. Dette er ein godbit som vil kome høgt på lista over minnerike konsertar i Fosnavåg konserthus. 

Frode Alnæs
Frode Alnæs har gjennom 30 år blitt feira som ein av norsk musikkliv sine mest populære og suksessrike artistar og låtskrivarar. Han har i alle år gleda eit stort publikum gjennom sin musikk og sitt smittande humør. Frode vert rekna som ein seriøs komponist og ein av Norges beste gitaristar. Han er også ein dyktig songar! 

Joaquin Achucarro
Den verdskjende pianisten Joaquin Achucarro er ein av dei store profilane under årets Fjord Cadenza. Achucarro er kjend som ein av verdas beste utøvarar på sitt instrument og har spelt med alle dei store internasjonale orkestera. Han vil framføre spanande program frå Grieg 

I 2015 blei ei av Joaquin Achucarro sine innspelingar kåra til ei av «The Best 100 Piano Recordings of All Time» saman med legender som Rachmaninoff, Horowitz, Rubinstein, Gieseking, Cortot, Richter, Gould, Arrau, Brendel, Argerich, Zimerman og Pollini. Achucarro har vidare vunne ei rekkje internasjonale prisar i Spania, Frankrike, Italia og Sveits.

Bestemora til Joaquin var kusina til Edvard Grieg, og dei flytta til Spania då ho gifta seg med han som var ein del av starten på eventyret med eksport av klippfisk frå Norge. Etablering av verksemda for å eksportera klippfisk var grunnen til at dei flytta til Spania.  Joaquin vert i dag sett på som ein av dei beste pianistane i verda og ein av dei siste frå den gamle generasjonen. Han har spelt saman med dei beste musikarane i verda og har m.a. spelt inn plater med Berlin Filharmonien og fleire av dei beste orkestera i verda. 


Kaunas City Symphony Orchestra
Vi er også svært stolte av å kunne ønskje det internasjonale anerkjende orkesteret Kaunas City Symphony Orchestra velkomen tilFosnavåg. Dette er eit heilprofesjonelt orkester av svært høg standard som borgar for høg kvalitet og gode musikkopplevingar under årets festival!Kaunas City Symphony Orchestra gjev konsertar i inn- og utland, blant anna Latvia, Estland, Norge, Sveits, Tyskland, Finland og Italia, opptrer jamleg på ulike internasjonale festivalar, presenterer konsertprosjekt og gjev tematiske konsertar. Mange berømte nasjonale og internasjonale solistar og dirigentar har samarbeidd med orkesteret.

Orkesteret opptrer og organiserer meir enn 50 konsertar per år. Orkesteret er svært allsidig og spesialiserer seg i ulike sjangrar som klassisk, samtidsmusikk, inkludert crossover-prosjekt med ulike grupper som “The Scorpions”, “Smokie” og “Electric Light Orchestra” for å nemne nokre. Orkesteret spelte òg fast ved operakonkurransen ”Arc of Triumph” for Litauisk Nasjonale fjernsyn. Blant dei mest framtredande høgdepunkta førre sesongen er samarbeidet med den berømte barytonen Dmitry Hvorostovsky og dirigent Constantine Orbelian, turné i “Murten Classics”-festival i Sveits under dirigentpinnen til Kaspar Zehnder.

I orkesteret sin diskografi er det fem CD-ar, og fem nye prosjekt vart nyleg innspelt saman med dagens mest berømte stemmer: Ildar Abdrazakov, og den mest etterspurte belcanto-tenor Lawrence Brownlee. Ei studio-innspeling av G. Verdi sin “Simon Boccanegra” saman med Dmitri Hvorostovsky, Barbara Frittoli, Stefano Secco, Marco Caria er den neste som vert slept frå plateselskapet ”Dellos”.

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: