Per Fugelli: Livet, skal vi danse?

Fotokjelde: Fosnavåg konserthus
Fotokjelde: Fosnavåg konserthus
Onsdag, 13 mai, 2015 klokka 19:00

Sosialmedisinar, samfunnsrefsar, kreftpasient, forfattar og heile Noregs talsmann for det gode liv, Per Fugelli blir bokbada av sin eigen son, Aksel Fugelli. Samtalen tar utgangspunkt i biografien Aksel Fugelli skreiv om sin far: PER - Glimt av min far (2014). Rekneskapet skal gjerast opp etter eit langt liv med sterke meiningar.

Per Fugelli sine sterke meiningar burde vere velkjende for dei fleste, og han er ikkje redd for å ta bladet frå munnen. Ser ein på bøkene han har skreve er det fleire punkt som går igjen. Han er en innbitt motstandar av overformynderiet og snusfornuften ein finn i delar av helse-Noreg, i staden er han ein forkjempar for det ein kan kalle "common sense". For Per Fugelli er helse meir enn sunnheit, og til og med det motsatte. Helse kan vere det motsatte av sunnheit i mange situasjonar, meiner Per Fugelli.

Men kva tenkjer sonen Aksel om alt dette? Er han einig? Klarer sonen å la vere å gjere opprør mot sin eigen far?

Utan å vike unna vanskelege spørsmål går dei gjennom farens liv ein siste gong. Nokon gonger snakkar dei forbi kvarandre. Nokon gonger bryt samtalen saman. Og heile tida kjem dei langsomt nærare kvarandre. Blotta for sentimentalitet, lik ein lege som eksaminerer ein pasient, streker sonen opp biletet av sin eigen far, som etterkvart framstår meir naken, mer sårbar, men også meir verkeleg enn før. 

"PER - Glimt av min far" er eit møte mellom to mennesker som har eit heilt liv å dele og oppsummere like før det sluttar. Boka er ei virkeleggjering av Per Fugelli si oppmoding: "Ikkje ver eit eitt-tall på jorda. Bry deg om flokken din."
Stad
Fosnavåg konserthus
Gerhard Voldnes veg 7
6091
Fosnavåg
Kommune: