Gentle Groove - Tribute to Led Zeppelin

Gentle Groove. Pressebilete.
Gentle Groove. Pressebilete.
Laurdag, 24 september, 2016 klokka 21:00

Vi i kulturhuset har lenge tenkt å lage ein kveld for dei skikkeleg rockefrelste. Dei største stilskaparane på 70-talet, var kan hende Led Zeppelin. Her kjem ein kveld til deira ære! Vi lagar langbord og opnar baren. "Headbangarane" kan stå fremst- ved scena!

Sidan slutten av 90-talet har Gentle Groove bevist at dei kan ta vare på den musikalske arven etter verdens største rockeband, Led Zeppelin. Å gjenskape Zeppelins mystiske, kraftfulle og energiske verd krever ei heilt unik samansetning av musikarar. Gentle Groove har gjennom konsertar i både inn- og utland bevist at dei kan leve opp til sitt rykte som Europas beste Zeppelin-tributeband.
Bandet har mellom anna spelt på Norges aller største klubbscener (f.eks. Rockefeller), spelt med Deep Purple (Drøbakfestivalen 2001), samt spelt for sjølvaste Robert Plant på  etterfesten hans i samband med Dreamlandturneen (John Dee). Bandet sin konsert for eit utselt Elm Street hausten 2010 vart kåra til årets konsert i Puls.
Publikum vil få oppleve eit vidt og imponerande repertoire som spenner frå klassiske rockarar som Whole Lotta Love, Good Times Bad Times og Rock And Roll, til episke mesterstykke som Kashmir, No Quarter, Dazed And Confused og sjølvsagt, Led Zeppelins signaturlåt, Stairway To Heaven, framført på ein overtydande og stilekte måte, komplett med Jimmy Page sin dobbelthalsa gitar.

 

Bandmedlemmer:
Jan Erik Salvesen: vokal
Simon Sigurdson: gitar
Erik Lillehagen: trommer
Igor Fazlioulline: bass

John Kristian Alterskjær: piano/keyboard

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: