Gilad Hekselman

Gilad Hekselmann. Pressebilete. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Gilad Hekselmann. Pressebilete. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Onsdag, 2 november, 2016 klokka 19:30

Den New York-baserte jazzgitaristen Gilad Hekselman kjem til Fosnavåg med sin trio. Vi riggar til vårt populære klubb-oppsett med småbord og god stemning

PÅ sin Europaturne spelar Gilad Hekselman trio kun tre konsertar i Noreg. Det er i Trondheim, Fosnavåg og Ålesund. 

Gilad Hekselman har høyrt mykje på musikarar som Ahmad Jamal, Bill Evans og Keith Jarrett, men har også blitt samanlikna med Pat Metheny. Trioen sitt siste album heiter "Homes" og har fått svært god omtale.

Den virtuose bassisten Joe Martin var ein grunnpilar i Mingus Big Band og er for tida ein av dei mest ettertrakta bassistane på jazz-scenen i New York.

Kush Abadey på trommer er også ein ettertrakta trommeslagar. Han spelar også med Wallace Roney og sitt eget band; Gyroscope. 

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: