Gisle Børge Styve trio

Pressefoto. Fotograf: Tor Lindseth
Tysdag, 19 mars, 2013 klokka 19:30

Gisle Børge Styve Trio har eksistert med dei same folka sidan 1998, og ga i 2002 ut si første plate ”Styves Ark”. Den blei spelt inn ”live” ein heilt ordinær handlelaurdag i bokhandelen Ark på Majorstua.

I denne butikken hadde trioen i mange år sin musikalske utviklingsplass og leikestove 30-40 gongar i året, til stor glede for kundar og tilsette. Etter det har det blitt utallige opptredenar over heile landet, på store og små festivalar, kulturhus, klubbar og lukka arrangement. Trioen sitt stadig veksande publikum reiser alltid heim etter konsertane med eit smil om munnen og fløyel om hjartet.

Ein konsert med trioen blr omtala av fleire som ”rein terapi av absolutt høgste karakter”, og publikum får mulegheit til både å le og gråte. Samspelgleda står i sentrum, og trioen kosar vettet av seg med leiken musikalitet og verbale innspel. Trioen består av Gisle Børge Styve, Per Willy Aaserud og Helge Harstad

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 
Tema: