Good ol' boys - Arne Benoni og Ottar Big Hand

Arne Benoni og Ottar Big Hand Johansen. Pressebilete. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Arne Benoni og Ottar Big Hand Johansen. Pressebilete. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Torsdag, 2 mars, 2017 klokka 20:00

«Suliskongen» og «Lofotsheriffen». Dei har halde på så lenge vi kan huske som etterspurde og folkekjære artistar i heile Skandinavia.

Arne Benoni og Ottar Big Hand Johan er good old boys, trygge, hardføre, ramsalte karar. Kvar for seg har dei sett forbi storhavet, ut i verda og besøk Nashville og skapt ny norsk historie i countrymusikkens heimland. Kvar for seg har dei delt song og scene med sine eigne idol, dei fremste artistane i sjangrar frå tradisjonell western til outlaw contry rock. Dei har kryssa kvarandre sine vegar, gått eit par av dei same stiane, men aldri samtidig. Ikkje før no. Og då er det med duett på singelen «Good Ol`Boys», full CD som vert sleppt i februar og Norgesturne. 

Stad
Fosnavåg Konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: