Goodbye Yellow Brick Road (Musikalen 2016)

Plakat. Volda VGS.
Plakat. Volda VGS.
Onsdag, 17 februar, 2016 klokka 19:30

Det er klart for den årvisse musikalen frå musikk- og medialinjene ved Volda VGS - den 20. musikalen i rekka! Årets musikal, Goodbye Yellow Brick Road, har ei historie som baserer seg på musikken til Elton John og tekstene til Bernie Taupin.

Historia tek stad i England, der vi vert kjend med John, ein kar som siktar mot stjernestatus med bandet sitt. Vi får også historia til faren hans, bonden og eks-musikaren Bernie og sorga hans, vi treff den russiske danserinna Nikita som prøvar lukka i London etter ein oppvekst som foreldrelaus i eit russisk kloster, og korleis historiene deira flettar seg saman. 

Med ingrediensar som kjærleik, dramatikk, uventa vendingar, visuelle effektar og ikkje minst fantastisk musikk frå Elton John si store låtsamling, har elevane det dei treng for å levere ein splitter ny musikal - Goodbye Yellow Brick Road!

 

 Framsyningane blir slik:

 

Onsdag 17.2, kl. 19.30

Torsdag 18.2, kl. 18.00

Torsdag 18.2, kl. 21.00

Fredag 19.2, kl. 18.00

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: