Grzegorz Niemczuk - mesterverk for piano

Grzegorz Niemczuk. Pressebilete. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Grzegorz Niemczuk. Pressebilete. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Tysdag, 7 mai, 2019 klokka 19:00

Den polske stjernepianisten er tilbake i Fosnavåg konserthus med musikk av Mozart , Beethoven, Chopin, Schumann, Rachmaninov og Lizt.

Den polske stjernepianisten Greg Niemczuk holdt ein fantastisk Chopin-konsert i Fosnavåg konserthus i februar 2018. Konserten blei ein stor suksess og eit entusiastisk publikum krevde nærast å få han tilbake. Og no er han her igjen! Greg var spesielt begeistra for det fantastiske konserthuset og det lydhøre og varme publikummet som møtte han i Fosnavåg. 

Greg Niemczuk er fødd i Polen i 1985 og gjekk ut frå musikkakademiet i Katowice med høgaste utmerking.  Han har vunne mange nasjonale og internasjonale musikkonkurranser: m.a. førsteprisen i den store Chopin-konkurransen i Warszawa i 2010 og førsteprisen i den internasjonale debutantkonkurransen i Carnegie Hall i New York i 2014. Hans seinaste utmerking var ein spesialpris ved Den internasjonale musikkfestivalen i Busan Maru i Sør-Korea i oktober 2016.

 Greg Niemczuk har no heile verda som sin arena og har spelt i dei fleste landa i Europa i tillegg til Asia, Australia, Amerika og Afrika. Men han elskar å spele i Noreg og elskar sitt entusiastiske norske publikum. Under denne turnéen i mai 2019 skal han halde konsertar i 9 byar og tettstader her på Vestlandet.

Under kveldens konsert i Fosnavåg konserthus vil Grzegorz Niemczuk gi oss nokre av dei vakraste og mest virtuose verka som er skreve for piano.

Stad
Fosnavåg Konserthus
Gerhard Voldnes veg 7
6091
Fosnavåg
Kommune: