Gumbo med Tricia Boutté

Gumbo med Tricia. Pressefoto.
Gumbo med Tricia. Pressefoto.
Fredag, 17 januar, 2014 klokka 20:00

GUMBO kjem til Herøy kulturhus med fyrverkeriet Tricia Boutté som vokalist. Gumbo har tatt namn etter den berømte matretten frå New Orleans. Gumbo er ein brennsnut med mange ingridiensar. Slik er også musikken til jazzbandet Gumbo. 

Her møtes heile New Orleans-tradisjonen i ei blanding av god musikk, humor og overraskingar med forankring i eit stort mangfald av musikalske stilartar. Tradisjonell jazz, karibisk musikk, gospel, parademusikk og funk vert brukt i medlemmane sine eigne låtar og skaper Gumbos spesielle musikalske univers. Formmessig spenner det frå fri kollektiv improvisasjon, via virotuose soloar, til stramme arrangement og enkle sangbare tema. Musikken appelerer både til dansing og sår ettertanke.
Gumbo har hatt meir 900 konsertar , og turnért i India, Kina og Afrika, samt utstrakt konsertaktivitet i Noreg. I tillegg til å vere eit forrykande liveband, er alle musikarane også ettertrakta pedagogar, som gjennom mange år har holdt workshops for meir enn ti tusen unge musikarar. Gumbo har i mange år hatt ansvaret for workshop for unge musikarar under Kongsberg Jazzfestival.

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: