HØGTIDSROM - Julekonsert med Beate Lech & Tolvtetten

Beate Lech. Pressebilete.
Beate Lech. Pressebilete.
Tovtetten. Pressebilete.
Tovtetten. Pressebilete.
Fredag, 11 desember, 2015 klokka 19:30

I fjor haust sang Beate Lech inn sitt første julealbum, saman med SKRUK.  I år, som I fjor har ho invitert med seg det lokale koret Tolvtetten til å gjennomføre ein liten juleturné i heimedistriktet. På repertoaret står kjente juleslagere som ”Stille natt”, ”Det hev ei rose sprunge”, ”Å Betlehem du vesle by”, ”Eit barn er født i Betlehem”, ”Folkefrelsar til oss kom”, ”Her kjem me Jesus, dine små” og ”Mitt hjerte alltid vanker”. 

I tillegg har Beate sjølv oversatt eller gjendikta ei rekke meir ukjende songar som ”I stjernene det står” (”I saw three ships”), ”Josef ”(”What child is this/Greensleves”), ”Ei voggesong i natta” (”A cradle in Bethlehem”). Ho har også laga ein heilt ny julesong med tekst avmormor frå Rovde; “Guddoms kjærleik” Det er ei sakral stemning over det heile. Ingen av julesongane handlar om snø eller nissar. Beate har valgt å skrive arrangementa i eit litt mystisk landskap. Songane vil kanskje ikkje framstå som så lettygde som vi ofte kjenner dei, men med litt motstand både i klang og harmonikk. Det kan sparke litt av og til, samtidig som det er lagt til rette for eit mektig og vakkert løft.  

Ho utnyttar dynamikken maksimalt - frå det heilt vare og skjøre til det brusande og dundrande. På denne julekonserten skal ikkje publikum sovne, men la seg løfte opp og ut av kvardagen og inn i det indre rommet, der sårbarheta og åpenheta bur. Og då kan alt skje.  

I tillegg til kor og Beate sin eigen soliststemme, er det med ein trio beståande av Andreas Bye på trommer, Marius Reksjø på bass og Andreas Ulvo på tangentar. 

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 
Tema: