Høstscena: Oliver Twist

Oliver Twist. Fotokjelde: Høstscena 2015.
Oliver Twist. Fotokjelde: Høstscena 2015.
Laurdag, 26 september, 2015 klokka 16:00

Det er ei stor ære for Høstscena 2015 å invitere til den storstilte musikalen Oliver Twist, med juniorteatergruppa i Ungdomslaget Fram. Med 50 barn og ungdommmar på scena byr dei på eventyrlege, humoristiske sang- og dansenummer, og ikkje minst; ein kraftig energi. 

Musikalen "Oliver Twist" bygger på historia Oliver Twist, skreven av Charles Dickens. Handlinga er lagt til London på 1800-talet. Her møter vi unge Oliver som rømmer frå fattighuset og ut i Londons gater, der han møter lommetjuvgjengen til sleipe Fagin. 

Dette er ein musikal om fattigdom, vondskap og brutalitet, men også om vennskap og kjærleik. Det gode og det brutale treff oss og gir ei spennande, gripande forteljing.

Stad
Parken Kulturhus
Kommune: