Hamlets pappa er et spøkelse

Hamlets pappa er et spøkelse. Foto: Teatret Vårt.
Hamlets pappa er et spøkelse. Foto: Teatret Vårt.
Torsdag, 30 mars, 2017 klokka 18:00

Kva gjer vi når vi har mista den beste personen i heile verda?

Det spør Barne-teatret Vårt om i framsyninga «Hamlets pappa er eit spøkelse». Ein kan no ikkje gå rundt å vere like lei seg heile tida? Nei, det går ikkje, så det er også tid for leik og galskap og tull og tøys – og kanskje nokre løyndomar også. 

Pappaen til Hamlet er død, men han er ikkje forsvunnen, for Hamlet har sett han. Ja, heilt sant. Æresord, kors på halsen og ti knivar i hjartet. Hamlet fortel det til bestevenen sin, Ofelia, og ho veit ikkje kva ho skal tru. Anten har pappa gløymt at han er død, eller så er han eit spøkelse, trur Hamlet. Ofelia synest det høyrest heilt sprøtt ut det med spøkelse, men Hamlet meiner det må vere slik. Kvar skulle pappa elles ha vorte av?

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: