Hanne Boel

Hanne Boel. Pressefoto.
Hanne Boel. Pressefoto.
Laurdag, 5 november, 2016 klokka 20:00

Hanne Boel var på slutten av 80-talet og utover 90-talet ein av dei største danske artistane, med ein enorm popularitet også i Norge. Laurdag 5. november kan du oppleve ho på Sjøborg.

Publikum kan forvente seg ein kombinasjon soul, blues og jazz, - alt det Hanne Boel har vore innom i si fantastiske karriere. Dette er ein akustisk turne saman med gitaristane Jens Runge og Jacob Funch, med tokingar og framføringar av hits både frå notid og fortid. Det er nok å nemne hits som ”Don’t Know Much About Love”, “Black Wolf”, ”Talk It Out”, “(I Wanna) Make Love to You” og “Light in Your Heart”, i tillegg til Hanne Boel sine karakterfulle tolkingar av songar som står henne nær.

Dette blir garantert eit av høgdepunkta hausten 2016 på Sjøborg.

Billettpris kr 370,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: