Hanne Krogh - Johnny Logan - Thomas Ruud

A Magical Moment. Pressebilete. Plakat. Kjelde: Fosnavåg Konserthus.
A Magical Moment. Pressebilete. Plakat. Kjelde: Fosnavåg Konserthus.
Onsdag, 5 desember, 2018 klokka 19:00

Ei magiske oppleving ventar når Hanne Krogh og Tolvtetten inviterer til julekonsert.

Gjesteartist er ingen ringare enn Irland sin store son, Johnny Logan! Når stjernelaget også i år vert toppa med ein av våre beste operatenorar gjennom tidene, Thomas Ruud, ligg alt til rette for ei musikalsk oppleving på aller høgste nivå.

Johnny Logan sin opptreden på BBC si feiring av Eurovision sitt 60 års-jubileum på Apollo Theatre i London i 2015 gjorde inntrykk over heile Europa. Sidan dei møttest der, har Hanne Krogh jobba med å få han frigitt til juleturne i Noreg.

 I år klarte hans norske og tyske management å rydde plass for Noreg i nesten ein heil månad.

Johnny Logan har i dag konsertar over heile Europa og har nyleg signert kontrakt om ein film som skal handle om livet hans. På nyåret kjem hans neste album, eit samarbeidsprosjekt med eit av Tyskland sine store symfoniorkester. Den irske Grand Prix-legenda syng betre enn nokonsinne og har framleis den hensynslaust vakre klangen i stemmen sin. Logan var også den aller første som sang Rolv Løvland sin monsterhit "You Raise Me Up" i studio, og det er hans versjon som er valgt ut til å vere med på Secret Garden sitt komande album, "Greatest Hits", i konkurranse med ei rekke verdsstjerner.

Thomas Ruud held Pavarotti-nivå og syng hovudroller over heile verda, seinast på den store operaen i Singapore. 

Hanne Krogh er nær fullbooka dei neste to åra og vil vere synleg i ei rekke store prosjekt - så sant det ikkje er adventstid. Då samlar ho artistar og musikarar på høgt internasjonalt nivå for å besøke bygdar, byar, fjordarmar og tettstader i heile vårt langstrakte land.

Anmelderane sine seksarar har alltid falt tett som snøkrystaller over Hanne Krogh sine juleturnear. Hennar humoristiske og intelligente formidling av jula sin bodskap, kombinert med Johnny Logan sin magiske klang og Thomas Ruud si formidable stemmeprakt, lover godt for at ein av norsk kulturliv sine største suksessar held fram.

Stad
Fosnavåg Konserthus
Gerhard Voldnes veg 7
6090
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: