Hans og Grete

Plakat. Alle rettigheter: Teaterkompaniet NiE/Riksteateret
Plakat. Alle rettigheter: Teaterkompaniet NiE/Riksteateret
Måndag, 13 oktober, 2014 klokka 18:00

Gjett om det blir jubel i salen når barna sigrar over heksa!

Hans og Grete
av Brørne Grimm. Dramatisert av NIE.

Hugsar du Brørne Grimms akkurat passe skumle eventyr om Hans og Grete som går seg vill i skogen og blir tatt til fange av den onde heksa? Denne hausten kan du glede deg til å oppleve det klassiske eventyret fortalt som ei fantasifull barneframsyning spekka med musikk og oppfinnsam fortellarglede. Bli med Hans og Grete på ferda gjennom skogen og følg dei til peparkakehuset, der verdas slemmaste heks bur. Kan du hjelpe dei med å finne vegen heim til pappa?

Denne kritikarroste oppsettinga av Hans og Grete, som er sett av 35 000, er laga av teaterkompaniet NIE, som haustar lovord frå både publikum og presse for fantasifulle framsyningar: «Dette eineståande teaterensemblet kombinerer utsøkt, fysisk teater og vidunderleg integrert levande musikk ... djupt rørande og genuint minneverdig". The Daily Telegraph

Hans og Grete passar best for barn frå 4 år.

Opplev meir:
Bli ein del av skogen og bli sminka som et lite skogsdyr i foajeen før framsyninga. Velkomen skal du vere!

Speletid: 1 time og 30 minutt (inkl. pause).

 

 

Nypremiere i Oslo, Nydalen 18. september 
Turnépremiere i Fredrikstad 23. september

Med Mia Hawk, Håkon Moe, Hilde Stensland, Elisabet Topp og Dagfinn Tutturen.

Av Brørne Grimm. Dramatisert av NIE. Omsett av Kjell Moberg. Regissør Kjell Moberg og Alex Byrne. Scenograf og kostymedesignar Stefanie Mueller. Lysdesignar Elke Laleman. Musikalsk leiar Carly Davis. Dramaturg Tine Thomassen. Nyprodusert av NIE (New International Encounter) i samarbeid med Riksteatret.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 
Tema: