Haram Fusion Factory 10 år! Kveldskonsert

Ole Børud. Foto: Westcoast AOR Music. Kilde: Ole Børud sin hjemmeside
Laurdag, 9 mars, 2013 klokka 20:00

Haram Fusion Factory feirer 10 årsjubileum med drøymeprosjektet sitt. Eit utval av Earth, Wind and Fire sine beste låter, vokalgruppe, ekstra stort storband og ein av Norges desidert beste vokalister, Ole Børud, som solist.

Eckhard Baur, HFF sin eminente kapellmester, har fått spesiell tillatelse til å arrangere E,W&F låter for denne besetninga og prosjektet har berre vore framført ein gong tidlegare. Ein av HFF sine beste venar, Frank Brodahl, er også med når dei skal feire 10 år. Denne gongen i bandet på leadtrompet. Gled deg til å høyre September, Boogie Wonderland, Getaway, Serpentine Fire.... Årets mest funky produksjon? Ja, det føler vi oss trygge på! Til kveldsarrangementet av dette prosjektet skyv vi vekk amfiet, sett 18 års aldersgrense og åpner for sal av forfriskningar frå kl 2000. Vi har også med oss herlige gjester som debuterer på Id-huset! ÅreKnuteKoretFisstelSprekken er eit reint a capella kor med fire ihuga medlemmer som til vanleg har si tilhøyrigheit i Sandøy kommune. Koret vart skipa ein gong tidleg på våren i 1994 (på ”Gunna-buda” på Longva!), og har sidan den gongen hatt hundrevis av oppdrag. Tilhøyrarane har variert ifrå barnehageborn, feststemde brudefolk, firmafester og julebord til meir eller mindre sovande åttiåringar. Koret lover musikalsk humor i bøtter og spann og går på scena ca kl 2130 (før HFF)
Dette vil du ikkje gå glipp av!

TAPAS OG CAVA-BAR I LOBBY2
Skal du på A Tribute to Earth, Wind and Fire og feire Haram Fusion Factory sine 10 år seinare på kvelden? Då kan du gjere det til ein heilaftan! I lobby2 lagar vi til ein koselig bar der du får servert eit raust glas cava (spansk musserande vin) eller deilig cider og eit fat med nydelig tapas frå kulturkaféen. Det er eigen billett til dette arrangementet og ved å vise fram den får du altså nemnte servering i lobby2.

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: