Haram Kunstlag - Presenterer Christian Stejskal "Mitt nabolag".

Tysdag, 24 januar, 2017 klokka 19:00

Tirsdag 24. Januar kl. 19.00 får Haram kunstlag og Vatne kyrkje besøk av Christian Stejskal og hans multimediaførestilling om dei kristne søppelarbeidarane i Kairo. Kunstlaget inviterer til ei interessant, sterk og vakker oppleving.

Christian Stejskal er fødd i Wien i 1977. Han er utdanna fiolinist ved Norges musikkhøyskole, musikkhøgskulen i Hannover i Tyskland og musikkhøgskulen i Bern, Sveits. Han jobber som fiolinist i dei fleste symfoniorkester i Noreg, mellom anna Den norske opera, Trondheim symfoniorkester og Stavanger symfoniorkester.
Førestillinga «Mitt nabolag» handlar om Stejskal si pilgrimsferd til fots frå Wien, via Jerusalem og til Axum i Nord-Etiopia. Undervegs på denne reisa møtte han «Zabaleenarane», Kairo sine uoffisielle kristne søppelarbeidarar, i det såkalla «Garbage City» i Kairo. Etter å ha avslutta pilgrimsferda til Axum flytta han inn til og levde saman «Zabaleenarane» i søppelbyen, samstundes som han jobba som fiolinist ved operaen i Kairo. Dei siste fem åra har han fotografert livet blant søppelarbeidarane og skrive noveller frå livet der.

FOTO, FORTELJING OG FIOLIN
Under multimediaførestillinga vil Christian introdusere oss for sju forteljingar som omhandlar sju menneskeskjebnar frå søppelbyen: deira gleder og personlege utfordringar, tragediar og livets små triumfar, samstundes som han viser fotografi på storskjerm og spelar arabisk musikk og koptiske songar på fiolin.

Christian er sjølvlærd fotograf, og prosjektet om «Zabaleenarane» er hittil hans største fotoprosjekt. I 2012 stilte han med 25 bilete i finalen i Anthropographia International Photo Awards i New York. Arbeidet med prosjektet «Mitt nabolag» er gjort med støtte frå «Fritt ord» og «Stiftelsen Thomas Fearnley, Heddy og Nils Astrup», og vart utgitt i bokform i 2016.

Stad
Vatne Kyrkje
Kommune: