Harlem Spirit Of Gospel Choir

The Harlem Spirit of Gospel Choir. Pressebilete. Kjelde: ID-Huset.
The Harlem Spirit of Gospel Choir. Pressebilete. Kjelde: ID-Huset.
Torsdag, 4 desember, 2014 klokka 19:30

Mr. Anthony Morgan grunnla The Harlem Spirit of Gospel Choir(HSOGC) i 2006. Morgan er eit multitalent innan gospelmusikk og frå basen sin i bydelen Harlem i New York, drøymde han om å bringe saman spektakulære Gospel Voices of Harlem for så å reise ut å forkynne gospelmusikken til verda. 

Med ein ekte kjærleik til musikken og nokre av dei dyktigaste songerane med på laget har Anthony Morgan og gospelkoret hans gjort nettopp det, nemlig reist verda rundt med fantastiske opptredenar for publikum med ulike kulturelle bakgrunnar og for folk i alle aldrar. 

HSOGCs handplukka songstemmer, distinkte harmoniar og allsidige uttrykk kjem til scena med ei pulserande erklæring til kjærleiken og musikken! Med andre ord; ein virkeleg godbit for alle med sans for sterke songprestasjoner! 

Stad
Ingebrigt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 
Tema: