Harpeklang frå Hollywood og Valle.

Ellie Choate.
Ellie Choate.
Annette Sollie Hagen.
Annette Sollie Hagen.
Fredag, 26 juni, 2015 klokka 19:30

Fredag 26. juni vert det harpekonsert i Skodje kyrkje. Denne kvelden får ein oppleve ikkje berre ei-, men to harper. Det er harpistane Ellie Choate frå California og Annette Sollie Hagen frå Valle i Skodje som skal spele, og det blir fyrste gong ein får oppleve ein harpeduo i Skodje kyrkje.

Ellie Choate har mastergrad i Art in Harp Performance frå CSU Long Beach. Ho er ein dyktig harpist, som beherskar alt frå klassisk, til jazz og pop. I løpet av karriæra si har ho vore innom dei fleste område innan musikk. Dei færraste i Norge kjenner namnet hennar, men dei fleste har likevel høyrt henne spele. For i Hollywood har ho delteke med harpa både framfor og bak kamera. Titlane er så mange at det vert sagt at alle som har sett film har høyrt Ellie spele! Ho spelar filmmusikken på mellom anna «Istid 2», «Misson Impossible 2», «Spiderman 2 og 3», og i TV seriane «Lost» og «The Simpsons». I serien «Glamour» har ho fleire gongar vore på skjermen som bryllaupsharpist. Til og med det dataspelet «World of Warkraft» har Ellie spelt musikken til. Ho har gitt ut fire solo CDar, og i tillegg medverka på ei rekke CD-innspelingar, mellom anna for Josh Groban og Stevie Wonder. Ho underviser ved fem universitet i tillegg til å ha privatelevar.

Annette Sollie Hagen har vokse opp på Valle og har drøymt om å spele harpe sidan ho som fireåring fekk sjå ei harpe i filmen "Flåklypa Grand Prix". Sidan det ikkje finst harpelærarar mellom Bergen og Trondheim begynte ho som 12-åring å spele piano med Finn Pedersen. Fyrst då ho var 22 år gamal, i 2008, hadde ho sin fyrste harpetime med Willy Postma i Trondheim. Etter at ho flytta heim til Sunnmøre vart det vanskeleg å få til jamnlege speletimar. Sommaren 2011 møtte ho Ellie Choate på eit harpekurs i Frankrike. Choate har sidan underviste henne via Skype. Annette opptrer ofte med kor, orkester eller som solist rundt om på Sunnmøre.

Dei flotte instrumenta har 47 strengar og 7 pedalar. Dei har flotte ornament og utskjæringar og er belagt med 24 karat bladgull! Harpa vert ofte assosiert med himmelen, men harpemusikk er mykje meir enn englemusikk. Moderne musikk brukar ofte harpa på ein meir perkusiv måte og i harpa ligg det moglegheiter for eit utalls spesielle lydeffektar. Mange vert overraska over kor allsidig dette instrumentet er. Denne kvelden vil dei to harpistane by på musikk i ulike sjangrar, og ein vil få høyre både gamal og moderne musikk. Det store, flotte instrumentet ser ut til å fascinere folk i alle aldrar, og vi håpar at både unge og gamle tek turen til Skodje kyrkje denne kvelden.

Gratis inngang - kollekt ved utgangen. Overskotet går til bygging av kyrkjestove i Skodje.

Stad
Skodje kyrkje
Kommune: 
Kategori: