Heia Flåklypa!

Heia Flåklypa. Plakat: Riksteatret.
Heia Flåklypa. Plakat: Riksteatret.
Laurdag, 28 januar, 2017 klokka 17:00

Dra meg baklengs inn i fuglekassa! Endeleg blir det teater av Solan, Ludvig og Reodor Felgen si verd! Førsteklasses familieunderhaldning - både for gamle Flåklypa-fans og nye tilhengarar.

Den tradisjonsrike mjølkespannkastekonkurransen nærmar seg, og alle i Flåklypa er sikre på at deira representant Emanuel Desperados vinn.
Men det går skumle rykte om at ein sterk konkurrent frå Oslo nærmar seg bygda.
Samtidig står det gode gamle meieriet i fare for å bli selt til storkapitalen. Desperados får dessutan tilbod om å kaste for konkurrenten.
Her er det nokon som ikkje har rent mjøl i posen. Kven står bak? Korleis har dei tenkt å røve til seg sigeren? Og kva i all verda skal Solan og Ludvig gjere for å forhindre katastrofen?

Med ei herleg historie og mykje song og musikk, skal dei kjende og kjære skikkelsane til Kjell Aukrust få liv på scena.
Aukrust har fanga den norske folkesjela, seiest det, og no skal Riksteatret fange det norske folk. Endeleg skal det avgjerast kven som er best, Flåklypa eller Oslo!

Etter framsyninga kan du helse på karakterane i Flåklypa. Kven veit, kanskje det også blir ein mjølkespannkastekonkurranse i kulturhuset?

På scena
Simon Andersen, Nils Johnson, Ingolf Karinen, Daniel Karlsson, Peter Brandt Kippersund, Kikki Stormo og Frank Ole Sætrang.

Team
Basert på Kjell Aukrust sine bøker. Manus: Gorm Jenseg. Regissør: Lars Erik Holter. Scenograf: Dordi Strøm.
Kostymedesigner: Ingrid Nylander. Komponist: Marius Podolski. Lysdesigner: Arne Lindberget. Videodesigner: Åsmund Bøe. Dramaturg: Tine Thomassen.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: