Heimafrå, Odd Norstoga og Ingebjørg Bratland

Heimafrå. Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga. Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen
Heimafrå. Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga. Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen
Fredag, 12 juli, 2013 klokka 20:00

Ein vakker vårdag for eit par år sidan tok Ingebjørg Bratland vegen opp til Lambertseter i Oslo, opp på musikkloftet til Odd. Og her byrja songane å trille fram.

Den fyrste songen som vart prøva var Jørund Tellnes si tekst "Å bån og veslegut". Med kvar sin gitar og to songstemmer vart eit enkelt opptak gjort. Det var noko med dette opptaket. Veldig fint var det. Berre to songstemmer og eit enkelt akkompagnement. Trong ikkje meir.Folkemusikkprosjektet ”Heimafrå” vart fødd.

Ingen band, ingen strykearrangement. Så enkelt som det kan gå an - berre bruke av dei songane som utgjer det musikalske jordsmonnet der dei begge to kjem ifrå, nemleg Vinje. Og det er eit godt jordsmonn; Vest-Telemark er av dei rikaste folkemusikkdistrikta i landet. Så der er mykje å ta av.

Albumet ”Heimafrå” inneheld nokon av desse songane, og kom 1. mars. Til oss kjem spelemannen Odd saman med Ingebjørg - som med si særprega stemme av ein heilt spesiell kvalitet trollbind alle som kjem i hennar veg. Med seg på denne reisa har dei bassist Gjermund Silset. Og sin kjærleik til musikk

Stad
Rauma kulturhus
Kongens Gate 7
6300
Åndalsnes
Kommune: