Heine Totland / Gisle Børge Styve i konsert

Heine og Gisle. Pressefoto.
Heine og Gisle. Pressefoto.
Laurdag, 4 oktober, 2014 klokka 19:30

Heine Totland og Gisle Børge Styve har klart å etablere noko helt spesielt. Utan eigentleg å ha gjort noko særleg meir saman enn å spele mange konsertar, har dei etablert eit stadig større og svært trufast publikum. Til saman har dei noko «magisk» som det er vanskeleg å sette ord på. Publikum er begeistra, og dei to vestlendingane gler seg over kvarandre og sitt publikum.
Gisle Børge og Heine kom saman ved ei slags tilfeldigheit i ein episode av Beat For Beat i 1999. Dei gjorde ein fantastisk versjon av klassikeren «He Ain´t Heavy», og den har seinare blitt eit av de mest populære klippa frå programmet på YouTube. Etter dette byrja dei frå tid til anna å opptre saman. I 2006 bestemte dei seg for å lage eit heilt konsertprogram og byrje å gjere offentlege konsertar. Billettsalet var påfallende godt, og sidan har dei aldri sett seg attende. Dei har fylt viktige kulturhus som til dømes Drammens Teater, Festiviteten i Haugesund, Logen i Bergen, Sandnes og mange fleire, mange gongar. Seinare har dei også gjort seg bemerka med ein fantastisk versjon av «Bohemian Rapsody».

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: