Heine Totland & Gisle Børge Styve-"Musikk e komme for å bli"

Totland og Styve. Pressebilete.
Totland og Styve. Pressebilete.
Fredag, 20 februar, 2015 klokka 20:00

Heine Totland og Gisle Børge Styve har klart å etablere noko heilt spesielt.

Utan egentleg å ha gjort noko særleg meir saman enn å spele mange konsertar, har dei etablert eit stadig større og svært trufast publikum. Til saman har dei noko «magisk» som det er vanskeleg å sete ord på. Publikum er begeistra, og dei to vestlendingane gler seg over kvarandre og publikummet sitt. No har dei bestemt seg for å lage ei framsyning på sin eigen måte; og den skal heite «Musikk e komme for å bli». Der forenar dei nok ein gong musikaliteten sin, humor, grenselaus energi og rein, skjær glede. Alle kan gle seg.

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: