Heine Totland`s Sensational Rock`n Roll Circus

Heine Totland. Pressebilete.
Heine Totland. Pressebilete.
Laurdag, 20 februar, 2016 klokka 19:30

Heine likar seg godt på Stranda! I samband med oppkøyringa til Alperittet, kjem han attende med eit forrykande Rock`n Roll show som vil få publikum til å ta heilt av!

Heine Totland`s Sensational Rock`n Roll Circus tek utgangspunkt i showet "Buddy Holly - The Concert", som Heine har reist land og strand med i fleire år. No utvidar han spelelista og tek med ei rekkje slagarar frå 50- 60- og 70-talet. Bandet er i toppform, og dei flotte kostymene set oss i rett stemning. Finn fram Brylkremen, spisseskoa og solbrillene og fyr laus!

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: 
Tema: