Hekla Stålstrenga

Hekla Stålstrenga. Pressefoto. Fotokilde: Fosnavåg konserthus.
Hekla Stålstrenga. Pressefoto. Fotokilde: Fosnavåg konserthus.
Laurdag, 28 januar, 2017 klokka 19:30

Hekla Stålstrenga er musikken frå nord. Eit band som gjennom dei siste 10 åra sakte, men sikkert har bygd seg opp til å bli eit nasjonalt fenomen – alltid med musikken frå nord som sin grunnmur.

Med låtar som “Har du fyr”, “Båtbygger Jo”, “Folketonen” og “Vise ved vintersolkverv” har dei òg funne sin plass på spelelistene i norsk radio. 

Etter sin famøse bubilturné i 2012 er dei også blitt allemannseige, og vegen frå små samfunnshus i Nordland til eit utselt operahus i Oslo viste seg å ikkje vere så lang som ein kanskje skulle tru.

No er dei på vegen igjen, med nye konsertar, ny musikk og nye ord. Alt frå nord.

Bandet er sett saman av Ragnhild Furebotten (fele), Tore Bruvoll (gitarar), Anne Nymo Trulsen (song og trøorgel), Trond-Viggo Solås (bass) og Ole-Jakob Larsen (trommer). Bandet er heilnordnorsk og opptatt av å ivareta dei nordnorske songtradisjonane og skattane som finst der, så vel som å skape ny musikk til gamle tekstar. Samtlege medlemmer er profesjonelle og høgt profilerte musikarar som nyt stor respekt nasjonalt og internasjonalt innanfor sin sjanger.

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: