Helene Bøksle

Helene Bøksle. Pressefoto. Fotokjelde: ID huset
Helene Bøksle. Pressefoto. Fotokjelde: ID huset
Torsdag, 6 november, 2014 klokka 19:00

Sørlandets vakreste sangstemme blir å høyre på Ingebrigt Davik-huset i november!

 

Helene Bøksle vaks opp ein times sykkeltur frå Mandal og debuterte med plata «Elverhøy» i 2006, to år etter at den ble spelt som framsyning i Kristiansands storslagne Ravnedalen for første gong.

Ein kan godt kalle dette for eit gjennombrot, men oppfølgjaren «Morild» (2008), der ho saman med folkemusikkgruppa Baltic Crossing tolkar originalane som forma ho musikalsk, blei svært godt mottatt som ei plate med norske folketonar framført frå hjartet. Året etter kom den kritikarroste juleplata «Det hev ei rose sprunge», som no har solgt over 50 000 eksemplarer.

Sørlandets gullstrupe har  ein også kunne sjå på NRK saman med Kringkastingsorkesteret (KORK) med 700 000 sjåarar, ho har vært med på Melodi Grand Prix (2011), levert vokal til temamusikken til videospillet Age of Conan og vore med på det populære programmet Beat for Beat på NRK.

I fjor ga Bøksle ut sitt fjerde soloalbum, «Svalbard»:
«Tekstene og innholdet her gir et bilde på den reisen jeg selv har hatt. Jeg er takknemlig for alle erfaringene på veien som har gjort meg sterkere, og valgene mine tydeligere», seier ho.

Ifølgje Helene Bøksle markerar denne plata ein ny start for ho. Vi er glade for å kunne presentere ei av Norges vakraste stemmer i haust, og vi kan vente oss høgdepunkt frå heile karrieren hennar.

Stad
Ingebrigt Davik-huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 
Tema: