Hemmeleg helt

Foto av: Svein Sæter
Foto av: Svein Sæter
Onsdag, 15 april, 2015 klokka 17:00

Svein Sæter fortel om Knut Haugland, mannen som levde eit så eventyrleg liv at det er skildra i fire spelefilmar, men som likevel heldt seg i bakgrunnen.

Knut Haugland deltok på verdas mest kjente sabotasjeaksjon; tungtvannsaksjonen mot Nazi-Tysklands atombombeprosjekt. Etter krigen deltok han på verdas mest berømte ekspedisjon; om bord på Kon-Tiki over Stillehavet.Først da han var 90 år, bestemte Knut Haugland seg for å fortelje. Han kontakta forfattaren Svein Sæter, og resultatet vart boka Operatøren. I Hemmeleg helt fortel Svein Sæter om mannen som levde eit så eventyrleg liv at det er skildra i fire spelefilmar, men som likevel heldt seg i bakgrunnen. Under det heile ligg ei enda større historie, om kva ressursar som finst i mennesket.

Arrangementet er i samband med Den Kulturelle Spaserstokk.

Billettar: 
Arrangementet har fri inngong. 
Vil du sikre deg eit sete, kan du gjere det anten på nettsida (kr 10,- for å få det inn i systemet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: