Herøy Brass «Atmosphere»

Herøy Brass. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Herøy Brass. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Laurdag, 5 mars, 2016 klokka 19:00

Nok ein gong kan Herøy Brass byde publikum på ei konsertoppleving av høg klasse! Vokalsolistane Rein Alexander og Birgitte Grytten Velsvik vil, saman med Herøy Brass, levere eit variert utval av musikk henta frå bl.a. musicals, film og opera.

Rein Alexander

treng knappast nærmare presentasjon for eit publikum i vårt nærområde. Med røter frå Gursken og med fleire konsertar og framføringar på Møre og på fjernsyn dei siste åra, har publikum god kjennskap til dei vokale kvalitetane som har gjort Rein Alexander både nasjonalt og internasjonalt kjend.

Birgitte Grytten Velsvik

er klassisk utdanna med bl.a. ei mastergrad i opera frå Mariinsky-operaen i St. Petersburg. Ho har hatt roller i fleire av dei kjende operaene ; Trylleføyten, Rigoletto og Figaros bryllup for å nemne nokre. Ho er imidlertid svært allsidig og syng både jazz, pop, soul og gospel. For tida har ho base i Oslo og arbeider som frilanssongar over heile verda.

Herøy Brass

Herøy Brass vil akkompagnere vokalsolistane i både solonummer og i duettar. I tillegg er det gjort eit utval av flotte brassarrangement Herøy Brass vil framføre under direksjon av Kjellstein Knotten.

Det er all grunn til å finne vegen til Fosnavåg konserthus denne laurdagen. Herøy Brass og gjestane har ambisjonar om å gi publikum ei flott oppleving. Kanskje «til nye høgder»…..?

Vår konferansier vil knyte aktørane, musikken og publikum saman.

Vel møtt !!

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: