Herøy Brass Stine Hole Ulla - Henrik Dagestad-Dalhaug

Herøy Brass. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Herøy Brass. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Laurdag, 11 mars, 2017 klokka 19:00

Nok ein gong kan Herøy Brass byde publikum på ei konsertoppleving av høg klasse! Euphoniumsolisten Henrik Dagestad-Dalhaug og vokalsolisten Stine Hole Ulla vil, saman med Herøy Brass, levere eit variert utval av musikk frå fleire sjangerar.

Stine Hole Ulla er fødd i 1995 og kjem frå Sykkylven. Ho utmerka seg tidleg med si vakre stemme, og starta i ein alder av 12 år med songtimar. Då ho var 14 år song ho seg inn i talentutviklingsprogrammet til Musikkonservatoriet på NTNU i Trondheim. Ho var den fyrste kvinnelege vinnaren av TV2 sitt underhaldningsprogram Norske Talenter og har vore solist med ulike symfoniorkester, på nyttårskonsertar saman med kor og korps, kirkekonsertar, jubileum mv. No stiller ho saman med Herøy Brass!
Henrik Dagestad-Dalhaug kjem opprinneleg frå Skodje kommune, men har også budd i Ulsteinvik. Har har til og med vore medlem av Bergshorn (!) Musikalsk utdanning har han frå Royal Northern College og Music og Norges Musikkhøgskule med euphonium som hovudinstrument. Han har dirigert korps på alle nivå og spelt med nokre av dei beste brassbanda i Europa, bl.a. The Black Dyke Band. Som solist og dirigent har han reist værda rundt. No kjem han ein snartur til Fosnavåg for å delta på konsert med Herøy Brass!
Herøy Brass
Herøy Brass vil akkompagnere solistane. I tillegg er det gjort eit utval av flotte brassbandarrangement Herøy Brass vil framføre under direksjon av Kjellstein Knotten.
Det er all grunn til å finne vegen til Fosnavåg konserthus denne laurdagen. Herøy Brass og gjestane har ambisjonar om å gi publikum ei flott oppleving – kanskje ei musikalsk eventyrforteljing?
Vår konferansier vil knyte aktørane, musikken og publikum saman.
Stad
Fosnavåg Konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: