HERØYSPELET "KONGENS RING" 2014

Anette Hoff, Nils Ole Oftebro, Herøyspelet, Jon Bleiklie Devik, Frode Bjorøy, Agnes Kittelsen, Hedvig Garshol, Kongens Ring
Søndag, 6 juli, 2014 klokka 13:30-15:00
Søndag, 6 juli, 2014 klokka 17:00-18:30

Vakker musikk på ei fantastisk utescene møter oss i vikingmusikalen "Kongens Ring". Spelet har gjennom åra vunne ry som eit av dei fremste i sin sjanger.

I vikingmusikalen "Kongens Ring" tek vi deg med omlag 1000 år tilbake i tid. Til sein vikingtid. I Herøy Amfi, omgjeven av storslått natur og til storslått musikk, får du oppleve eit drama du seint vil gløyme. Kamp og strid, kjærleik og hemn, skjemt, alvor, tru og overtru, liv og død.
Vikingmusikalen "Kongens Ring" knyt saman då og no med ei handling som er like aktuell for mennesket i dag som den gong.

I Herøyspelet "Kongens Ring" deltek rundt 200 aktørar, kor og orkester. I hovudrollene møtar vi blant anna:

- Agnes Kittelsen
- Jon Bleiklie Devik
- Nils Ole Oftebro
- Anette Hoff
- Frode Bjorøy
- Bjørn Willberg Andersen
- Hedvig Garshol
- Bjørn Holum m.fl.

For heile familien. Teleslynge. Tilrettelagt for rullestolbrukarar.

Sal av billettar, mat, drikke og Herøyspeleffektar på Herøy Gard.

TRANSPORT
M/S Fjord Ålesund fraktar publikum sjøvegen til og frå Herøy Gard/Herøy Amfi. Båten går frå skilta parkeringsplassar på Mjølstadneset. Frå Stokksund skule/Indre Herøy kyrkje finn du skilta parkeringsplassar og busstransport. Gratis parkering og transport.

KOM OG OPPLEV "KONGENS RING" I HAVLANDET HERØY!

Stad
HERØY KYSTMUSEUM
Kommune: