Herøyspelet Kongens Ring

Herøyspelet har Stadhavet som mektig bakteppe
Laurdag, 2 juli, 2016 klokka 13:30
Søndag, 3 juli, 2016

Herøyspelet, den vakraste vikingmusikalen, olavsspel og uteteater vert i år vist for 25 .gong

Med Stadlandet som mektig bakteppe og 200 aktørar som myldrar over scena i energisk samspel med profesjonelle skodespelarar. Stort orkester og kor spelar opp under stemningane i massescener og små, tette og vare tablå. Det er kamp på liv og død, kjærleik og sjalusi, drama og humor. Opplev yrande folkeliv i tunet på den mange hundreår gamle handelstaden og gå på stiar over øya som har vore kyrkjestad i tusen år og var ein plass kongar og anna folk låg og venta på god bør og lagleg ver på seglasen forbi Stad. Kyrkjehistoria gir rom for mini-pilegrimsvandring og utegudsteneste medan historia om Olav Haraldsson er utgangspunkt for sogespelet.

Stad
Øya Herøy i Herøy kommune
Kommune: