Herøyspelet Kongens Ring, Vikingmusikalen i havgapet

Laurdag, 30 juni, 2012
Søndag, 1 juli, 2012

Vakker musikk på ei fantastisk utescene møter oss i vikingmusikalen "Kongens Ring".

Første helga i juli kvart år vert vikingmusikalen "Kongens Ring" sett opp ved Herøy Kystmuseum. Spelet tek oss med tilbake til Herøy for kring 1000 år sidan, og handlar om kristninga av Norge og dei heidenske skikkane i vikingtida. Vi møter sterke personligheiter, og får høyre dramatiske historier om kjærleik og konflikt. Herøy amfi er bygd spesielt for "Kongens ring", og tribunane i tømmer har sitjeplass til 1200 personer. Amfiet er tilrettelagt for rullestolbrukarar og hørselhemma.

Herøyspelet tek oss med til Herøy nokre sommardagar i år 1027. Unn den fagre, dotter av Ragnar Herøyhovding og Inga, er lova vekk til Ingolv Ynda, ein vel akta, ung mann i Herøy. Men fagre Unn yser varme kjensler for vikingen Møre-Karl, som ei tid har drive med herjing og røving langs Mørekysten. Konflikten byggjer seg opp, og det kjem til holmgang mellom Ingolv og Møre-Karl. Akkurat då dukkar Olav Haraldsson, kongens sjølv, opp med sine skip og hærmenn og stoppar holmgangen. Det visar seg at kongen også har vanskar med å få inn skatten frå Færøyane og peikar ut Karl til ny skattefut - ei høveleg straff for herjingane hans. Karl vil ha med seg Unn på den vågale ferda, men ho vegrar seg - ho har ein liten "fylgjar" å ta omsyn til. Karl dreg så i vesterveg, og livet på Herøy kjem i vanleg gjenge att etter herjingar og kongevitjing. Men så ein dag kjem det tidend frå Færøyane......

Stad
Herøy kommune
Rådhusgt. 5
6090
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: