Herøytreffet

Herøytreff. Pressefoto.
Herøytreff. Pressefoto.
Søndag, 29 oktober, 2017 klokka 14:00

Herøytreff har ei lang historie mellom korpsa i distriktet. Etter ei tids pause gjenoppsto treffet igjen med ei stormønstring av korps både frå kommunen og distriktet elles.

Det var øving og andre aktivitetar i starten av helga før dei samla seg til festkonsert og avslutning i Fosnavåg konserthus med mellom anna fellesnummer på programmet. Med Herøytreffet får barn og unge som spelar i korps møtast og sjå at dei er mange som spelar i korps, kjenne på fellesskap og gleda ved å skape musikk i lag. I tillegg får dei også andre kjekke opplevingar som kino, aktivitetar i idrettshallen og på Sunnmørsbadet. Musikalsk leiar for Herøytreffet er Nils Magne Abelseth.

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: