ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Med song, humor, skarrande R-ar og masse varme, formidlar Herborg Kråkevik sitt skråblikk på den norske folkesjela, og har på nytt kapra våre hjarte med kabareten Kjærelandsmenn!
Nå får Ørsta høve til å oppleve Herborg sin kjærleikserklæring til fedrelandet, skrive og framført av Kråkevik sjølv. Ho har no samla mot til å stå fram som ein dansk kikkar på det norske. For det er oss det skal handla om, både verbalt og musikalsk. Noreg sett utanfrå, Noreg i hjarta, Noreg til å spy av og Noreg til å le av.
Herborg har reist gjennom dette eineståande landet vårt i snart 20 år som artist, reist og sett, vorte lei av det og lengta seg sjuk etter det. No får alle desse motstridande kjenslene fritt spelerom i ukontrollerte utfall og såre, inderlege songar arrangert av Kjetil Bjerkestrand. Her er det lov å falla i stavar over norske klassikarar slik du aldri har høyrt dei før, eller le av norske dialektar, norske særingar - og av Herborg!
Framsyninga er ei blanding av kabaret og teatermonolog der brevskrivaren bryt ut i song, parodiering, trylling, resitasjon og dans når det trengs.
Framsyninga er ein samproduksjon mellom Herborg Kråkevik og Det Norske Teatret.
Dato | Kva |
---|---|
28 jan |
Riksteatret: Mio, min Mio Ørsta kulturhus |
28 jan |
Steinar Raknes - STILLHOUSE m/Unni Wilhelmsen Ørsta kulturhus |
28 jan |
Riksteatret: Mio, min Mio Ørsta kulturhus |
05 feb |
Eva Weel Skram / Konsert Ørsta kulturhus |
06 feb |
Barn ingen adgang! Ørsta kulturhus |
28 feb |
Konsert med Stig Ulv Ørsta kulturhus |
02 mar |
Riksteatret: Eg snakkar om det heile tida Ørsta kulturhus |
11 mar |
Konsert / Knut Marius Djupvik med band Ørsta kulturhus |
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no