Hildegunn testar terrenget

Hildegunn og Leif-Per. Foto: John Andresen.
Hildegunn og Leif-Per. Foto: John Andresen.
Torsdag, 13 august, 2015 klokka 21:00

Hildegunn og Leif-Per kjem til Trebaatfestivalen med showet "Hildegunn testar terrenget", og blir med på å dra i gang jubileet i festivalteltet torsdag 13. august. Og sidan sist er Hildegunn blitt bestemor!

Trebaatfestivalen har 10 års jubileum i år, og vert arrangert i perioden 13.-16. august.

- Vi er glade for å kunne lage show i Ulsteinvik igjen, seier Fredrik Steen, mannen bak Hildegunn Moltubakk. 
- Sist vi hadde show på Trebaatfestivalen var med Møre Banan i 2012, og då var det smekkfullt, og vi fekk svært gode tilbakemeldingar på showet, seier han. No er det Hildegunn og Leif Per som står i fokus når radarparet skal på scena under Trebaatfestivalen i august. 

- Det er kjekt å leite fram Hildegunn igjen, spesielt når ho no skal ha show for sine eigne, fortel den utflytta ulsteinvikaren, som no er busett i Oslo. I tillegg til den kjende figuren Hildegunn Moltubakk, driv han filmproduksjon, spelar teater, stand-up og har vore med i ei rekke kjende reklamefilmar opp igjen tida.

Bestemor
Fredrik Steen, som er skaparen av kvardagskvinna Hildegunn Moltubakk, kan fortelje at sidan sist har Hildegunn blitt bestemor, og at barnebarna er «rape galne». Dette medfører ein heil del frustrasjon og problem som kjem fram i lyset. Dottera Brit-Bente har fått tre born med tre ulike karar. Mannen til Hildegunn, Per-Leif har fått jobb i eit japansk reiarlag og ei rekkje andre ting har skjedd i Hildegunn si verd i det siste. Hildegunn og Leif-Per er også kjend for mange fengjande låtar i showet, der Hildegunn mellom anna spelar saksofon. Rykta vil ha det til at Hildegunn tidligare har hatt eit forhold til saksofonisten Jan Garbarek, utan at det er heilt bekrefta. 
Drosjesjåføren og svoger Leif-Per (Ørjan Liavåg) står sjølvsagt alltid klar på sidelinja for å kommentere dei ulike problemstillingane som oppstår.
 

TV-serie
- Vi har planar om å lage ei tv-serie med Hildegunn. Det er det ein del arbeid som står att, men vi håpar å få det til, opplyser Fredrik. Planen er å bruke ei blanding av proffe skodespelarar og lokale aktørar frå området. Dette trur vi kan bli veldig bra, smiler han overtydd. 
- Vi må ha eit produksjonselskap i ryggen, men det er ikkje heilt klart kven det blir. Først blir det rett nok fokus på turnering i sommar med showet «Hildegunn testar terrenget» der sunnmøringane kan få trimme lattermusklane under Trebaatfestivalen i august. 
Ifølgje arrangørane av Trebaatfestivalen er dei svært glade for at dei har sikra seg Hildegunn Moltubakk-showet til festivalen i år.

Humor
Det har blitt tradisjon å få til noko humor under festivalen, så det passar bra å få desse karane til Ulsteinvik under festivalen. Dette er vi svært glade for å få til, seier Tom Henrik Muggerud, presseansvarleg i Trebaatfestivalen.
Billettar til showet blir lagt ut snart, og arrangørane opplyser om at det kan vere lurt å sikre seg billett når desse vert annonsert. 
- Sist dei hadde show med Møre Banan (Fredrik Steen og Ørjan Liavåg) i festivalteltet vart det fullt hus, stor stemning og latterkulene satt laust, fortel Tom Henrik engasjert.
Arrangørane er bevisste på at det er lurt å ha noko som fengjer lokalpatriotismen, og at folk skal ha det moro. 
- Dette vert eit show med lokalt preg og der vi kan vise det beste av Ulsteinvik, seier Tom Henrik Muggerud, som opplyser om at fleire godbitar frå programmet er like rundt hjørnet.

Billettar 
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, trykk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 300,-

Husk å printe billetten før arrangementet. Har du ikkje eigen printer, kan du printe den i Servicetorget eller i Kinokiosken. 

Stad
Trebåtfestivalen
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: