HJERTESLAG support: The Knut

Hjerteslag. Pressebilete. Fotokjelde: ID-huset.
Hjerteslag. Pressebilete. Fotokjelde: ID-huset.
Fredag, 21 april, 2017 klokka 22:30

Punk! Pop! Rock! Bergensbandet Hjerteslag byr på alt! 2016 er året dei verkeleg har markert seg, og når dei no kjem til Ingebrigt Davik-huset, så er det eit scoop for oss! Kjøp billett, gå på konsert og la deg rive med i rein og skjær begeistring denne kvelden! Hjerteslag!

Pønkarar som spelar pop, popparar som spelar pønk. Ja, også er dei nominert til årets Spellemann, i kategorien Rock! Absolutt alle anmeldarar har trilla terningkast fem for plata «Vannmann86», deriblant VG, Aftenposten, Dagbladet, Bergens Tidende og Dagsavisen.

Leia av vokalist og låtskrivar Robert Eidevik, ein sjeldant karismatisk og engasjerande frontfigur, er Hjerteslag anno 2017 betre enn nokonsinne. Der debuten «Møhlenpris Motell» (2015) lente seg meir på britiskeindieheltar, har Hjerteslag no henta inspirasjon frå amerikansk rock. Alle dei åtte låtane på «Vannmann86» skildrar historier om vidt forskjellige menneskeskjebner, og den meir historiefortellande tilnærminga til låtskriving ser ut til å passe Eidevik som hand i hanske.

I februar spelar dei på Rockefeller, og ellers blir det plenty med festivalopptredenar i 2017. Når dei no kjem til Sunnmøre, er det til Brattvåg, til ID-huset. Eit absolutt must for dei som likar kvalitetsmusikk!

Stad
Ingebrigt Davik-huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: