Holiday Quintet

Holiday Quintet. Pressefoto.
Holiday Quintet. Pressefoto.
Onsdag, 28 desember, 2016 klokka 20:00

Holiday Quintet feirar 10-års jubileum!

Frå den spede duostarten med brødrene Kvamme Holum har det utvikla seg til å bli ein aldri så liten tradisjon i deira kjære heimbygd. Som utflytta musikarar ønska dei å vise dei heime litt av kva dei driv med og samtidig skape eit konsertalternativ av høg kvalitet for dei heime. Av praktiske årsakar vert desse konsertane oftast lagt til feriar og høgtider, derav namnet.

Kvintetten fokuserer på å gi publikum eit avbrekk frå høgtidsmusikken ved å spele kjente låtar i nye arrangement forankra i sitt musikalske virke. Bandmedlemmane har brei musikalsk bakgrunn med ein fot i mange ulike sjangrar og miljø, og dette skaper eit variert og mangefasettert uttrykk.

Vegard K. Holum er for tida busett i Oslo og jobbar som frilans musikar og pedagog. Han har nylig fullført sin mastergrad ved Noregs Musikkhøgskule og jobbar innanfor ei rekke sjangrar og konstellasjonar som musikar, bandleiar, komponist/arrangør og pedagog.

Torstein K. Holum held også til i Oslo der han jobbar som frilansmusikar, DJ og produsent. Han jobbar innan ein rekke sjangrar og uttrykk som utøvar, bandleiar og komponist.

Elise Nærø er busett på Sunnmøre der ho har sin base for sitt virke som profesjonell vokalist og pedagog. Ho har fleire reisedagar i året til dei større byane i landet i høve hennar utøvande verksemd. Elise opptrer på oppdrag frå både privatpersonar og bedrifter, små og store. Du kan også med jamne mellomrom oppleve Elise på ein av hennar konsertar, då med eigne låtar og særeigne tolkingar av utvalde låtar.

Jørgen Øyre er ein allsidig bassist busett i Ørsta. Han har si musikalske utdanning frå Volda og Trondheim og er tilbake i bandet etter nokre år pause der han blant anna har rukke å bli pappa!

Fred-Michael Knotten er busett på Sunnmøre og av dei mest brukte trommisane i området. Han taklar dei aller fleste sjangrar og konstellasjonar og er fast inventar hos Holiday Quintet med sitt smittsome vesen og sin store musikalitet.

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: