ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Holiday Quintet vart starta opp hausten 2009 av Vegard K. Holum og Camilla Frantsen. Som utflytta musikarar ønska dei å vise dei heime litt av kva dei driv med og samtidig skape eit konsertalternativ av høg kvalitet for dei heime. Av praktiske årsakar vert desse konsertane oftast lagt til feriar og høgtider, derav namnet.
Kvintetten fokuserer på å gi publikum eit avbrekk frå høgtidsmusikken ved å spele kjente låtar i nye arrangement forankra i sitt musikalske virke. Bandmedlemane har brei musikalsk bakgrunn med ein fot i mange ulike sjangrar og miljø, og dette skaper eit variert og mangefasettert uttrykk.
Vegard K.Holum er for tida busett i Oslo der han tek sin master på Norges Musikkhøgskule og jobbar som frilansmusikar og pedagog. Camilla Frantsen bur i Tromsø der ho jobbar som sangpedagog og frilansmusiker. Torstein K.Holum bur også i Oslo der han jobbar som frilansmusikar, DJ og produsent. Martin Morland tek bachelor i utøvande jazz på Norges Musikkhøgskule, og jobbar som frilansmusiker i Oslo. Fred-Michael Knotten held til på Sunnmøre der han er mykje brukt som trommis i ein rekke ulike konstellasjonar.
Romjulskonserten er etterkvart blitt ein tradisjon og har dei siste åra opplevd svært godt besøk. Kvintetten håpar å fortsette denne gode trenden i det nye konserthuset, og lovar lun og god stemning for sjette året på rad. Velkommen til konsert!
Dørene opnar kl.19 Konsertstart ca.kl.20
Cc: 200/150 (vaksen/student)
Aldersgrense: 18år. Sal av drikke og snacks.
Sidan hotellet er stengt for vanleg drift i romjula blir det inngong frå sjøsida.
Dato | Kva |
---|---|
10 mar |
Bernhoft solo Herøy kulturhus |
17 mar |
Jonas Alaska (flyttet) Herøy kulturhus |
26 mar |
Hedvig Mollestad Trio Herøy kulturhus |
10 apr |
Herøy brass: Music Herøy kulturhus |
17 apr |
Knut Marius m/band Herøy kulturhus |
17 apr |
EKSTRA: Knut Marius m/band Herøy kulturhus |
19 apr |
Abrahams barn med Svein Tindberg Herøy kulturhus |
21 apr |
Virvelvind Herøy kulturhus |
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no