Holum trio

Pressebilde
Søndag, 28 april, 2013 klokka 20:00

Holum trio spelar på Elvatun i Sande denne søndagen. Holum Trio har sitt utspring frå Norges Musikkhøgskole i Oslo. Bandet utforskar krysninga mellom improvisasjonsbasert jazz og meloditeften til moderne pop.

Musikken skal vere tilgjengelig for lyttaren, men samtidig ha dybde og element som kanskje ikkje oppfattast ved første øyrekast. Bandet spelte sin første konsert på Sound of Mu i Oslo hausten 2011, og har sidan spelt på mellom anna Nasjonal Jazzscene, MoldeJazz og KongsbergJazz. Har turnért Sørvest-Norge og Nord-Norge med støtte frå Norsk Jazzforum, og jobbar for tida med å legge musikk på ein svensk/dansk kortfilm. I april/mai 2013 reiser dei på ny turné til Sunnmøre og skal i den anledning innom Ocean Sound Recordings på Giske å spele inn si debutplate.

På Elvatun i Sande blir det enkel servering.

www.facebook.com/holumtrio

Turnéen er støtta av: Sparebanken Møre, Norsk Jazzforum

Stad
Elvatun i Sande
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 
Tema: